 JULEBORD LAURDAG 3. DESEMBER Det vert lystig julebord i skulen på Fanøya 3. desember. Dermed har vi alle noko å sjå fram til no som vintertida har seinka seg over landet og kveldane er mørke. Påmeldingsliste heng på Batalden Landhandel. Langvegsfarande ringer butikken for påmelding, tel 57742555. Pris kun kr. 250,- for pinnekjøtt, svineribbe, dessert, kaffi, ymse underhalding og dans så lenge føtene held. Flytande føde tek kvar i sær med seg. Julebordet startar kl 1930. Frist for påmelding er søndag 27. november. Kryss av i kalenderen og vi sjåast laurdag 3. desember. (Publisert 25.10.2011, revidert 09.11.2011)
 KJØTTSUPPE PÅ BUTIKKEN
Hopp over middagslaginga laurdag 5. november. Batalden Landhandel og Jolanda serverer deilig kjøttsuppe med påfyll for kun kr. 50,-. I tillegg kan du som alltid kjøpe rimeleg kaffi og kaker. Dermed kan du spare tid og samstundes får ein sosial middagsoppleving på kjøpet. Alle vel møtt. (Publisert 04.11.2011)
|
 BASAR I BEDEHUSKAPELLET
Gjer klar til basar og sosialt samvere i Batalden bedehuskapell. Dette årlege evenementet finn stad søndag 6. november kl. 1600. Masse flotte gevinster og sal av årer. Undervegs kan de kose dykk med kaffi og kaker. Møt opp og støtt drifta av vårt over 100 år gamle bedehuskapell. (Publisert 01.11.2011)
|
 RUTEBÅTTILBODET NESTE ÅR
Frå 1. mai 2012 skal Fylket overta drifta av rutebåtane i Flora-bassenget. Dei har lagt opp til kraftige kutt i tilbodet det første året, og deretter vert rutene om lag som i dag. Grendalaget har arbeidd med denne saka både i vår og haust, mykje i regi av Prosjekt Øyane som er ei tverrpolitisk interessegruppe for alle øyane i Flora kommune. No i haust har arbeidet vorte intensivert, og det har vore mange innspel både til Flora kommune, til Fylket (administrativt og politisk) og til media. Flora kommune spelar på lag med øyafolket i denne saka. Trass i fleire møte mellom kommune, representantar for øyane og Fylket om rutebåtstrukturen, har ikkje Fylket til no endra på det dårlege tilbodet for neste år. Men grendalaget, Prosjekt Øyane og kommunen kjempar på vidare og vil gjere sitt beste for at innbyggjarane skal få eit betre rutebåttilbod enn det som er vedteke. Kikk her for opprop som stod på trykk over heil side både i Firdaposten og Firda. (Publisert 30.10.2011)
|
 LIVLEG KRABBEFEST
Elvar og foreldre til 9.klassingane på Fanøya arrangerte ein svært triveleg krabbe- og rekefest i skulen laurdag 22. oktober. Over 70 personar var med på moroa, og alle åt vi oss gode og mette med dertil eigna tilbehør. Sidan dansa vi til seine timar og mange løyste sveitten så det heldt. Inntekta av festen skal gå til skuletur til Polen for 9.klassingane Tirill, Rikke og Reiulf. Arrangørane var godt nøgde med pengar i kassa og alle deltakarane var godt nøgde med ein triveleg fest. Kan det verte betre? (Publisert 30.10.2011)
|
 FAGRE FANØY Arbeidet til våre flittige prydbuskdamer har gjeve frukter så det rettleg synast på bergknausen mellom butikken og rutebåtkaia. I heile sommar har blomster og busker pryda området med vekslande og varierte fargar. Sølv personar med det mørkaste svartsinn blir lystige av å møte slik blomsterprakt på veg til eller frå butikk og rutebåt. Nyleg har Eva og Ragnhild dekka store deler av det beplanta området med duk og bark, slik at luking av ugras er ein saga blott. Klem til dei to flittige damene. (Publisert 25.08.2011)
|
 VELLUKKA KUNSTOPNING Fredag 29. juli var det fullt hus då kustnarane Harriet Karstensen og Bjørn Wefring opna sommarutstilling på Galleri Ishuset på Fanøy i Batalden. Publikum let seg begeistre av sterke og smakfulle kunstuttrykk, forsterka av den særskilde steminga i det gamle ishuset. Karstensen synte i hovudsak fram ei rekkje uttrykksfulle oljemåleri med abstrakte uttrykk, medan Wefring overraska med dramatiske tolkingar av lokale skyer og kraftfulle solnedgangar. Mange kunstverk vart selde under opninga. Interesserte har framleis høve til å ta turen ut til Fanøya og sikre seg måleri av dei to utstillarane. Sommarutstillinga vert ståande til fredag 5. august. (Publisert 30.07.2011)
|
 KUNSTUTSTILLING Biletkunstnarane Bjørn Wefring (frå Bergen) og Harriet Karstensen (frå Batalden) opnar sommarutstilling i ishuset på Fanøya den 29. juli, litt før kl. 18.00. Gjer klar for sterke og spanande utrykk. Det vert selt kaker og kaffe. Båt frå Florø 14.30 og 16.00, ankomst Fanøy 15.20 og 16.20. Retur til Florø, avgang Fanøy 15.25 og 16.25 og 20.45, ankomst Florø 16.15 og 17.15 og 21.45. Alle vel møtt. Utstillinga vert ståande til fredag 5. august. (Publisert 10.07.2011)
|
 VEL BLÅST VEIKINGKONVOI Der vart eit nydeligt ver, med sol og blå himmel. Der kom ca 120-130 båter og masse folk. Med godt over 200 betalande gjester til dansen var der god stemning både ute og inne. God mat og drikke fekk dansefoten til å svinge etter fengande musikk av Nybø Band. Det var ein fornøygd og veik gjeng som laurdagen drog vidare sørover mot Askrova. (Publisert 10.07.2011)
|
 VEIKINGKONVOI Fredag 24. juni kjem Veikingkonvoien til Fanøya etter ein krevjande og strevsam seglas heilt aust frå Florø. Vågen vert fylt med båtar, og frå kl 1800 er grillmaten klar til servering i det store partyteltet på skuleplassen. Mellom 2200-0200 kan alle med dansefoten i orden svinge seg inne i skulen til fengjande musikk frå Nybø Band. Grendalaget har skjenkeløyve for øl og vin denne kvelden. Lokale krefter har også avtale med høgare makter om finver og solskin og reknar med fullt hus og hæla i taket. Laurdag føremiddag er det tid for etterfylling av proviant av ymse slag. Batalden Landhandel ligg berre eit veikt steinkast frå rutebåtkaia og sel mat og drikke for både store og små. Butikken opnar kl 0830 laurdag morgonen og kan freiste med påsmurte baguettar til svoltne veikingar. Dei som vaknar med skjørbuk eller andre mangelsjukdomar kan i tillegg kjøpe både grønsaker og andre næringsrike produkt før flåten set kursen mot Askrova kl 1200. Vi oppmodar alle om å støtte nærbutikken vår og ynskjer veikingar og andre tilfeldige forbipasserande vel møtt til ein triveleg fredagskveld på Fanøya. (Publisert 15.06.2011)
|
 VELLUKKA MINNEMARKERING Kring 150 personar var samla ved butikken på Fanøya då minnesmerket over "Laforey" sitt forlis vart avduka i tindrande solskin laurdag 11. juni. Dei tre dykkarane Frode Ellingsund, Trond Fjellestad og Runar Hove stod for avdukinga saman med Gareth og Sue Evans, representantar for dei etterlatne frå Grimsby. Markeringa vart leia av Trond Strømgren. Tidlegare på dagen var Gareth og Sue og spesielt inviterte ute til Sendingane og hadde ei minnestund ved forlisstaden. God innsats og stønad frå mange hald har gjort det mogeleg å bringe skipsklokka tilbake til Grimsby og gjennomføre markeringa ved Sendingane og på Fanøya. Takk til NBN Elektro, Deloitte Florø, NCP, Florø hamn, E. Karstensen fiskeoppdrett, Florø Skyssbåtservice, Storøien og fiskebåtane Fiskebas, Skjongholm, Breivik Jr., Nye Bluefin og Frøy for økonomisk stønad eller rimelege tenester. Og takk til dei aktive damene Eva, Anita og Ragnhild og hjelparar som har utforma eit fantastisk flott område der minnesmerket er plassert og takk til sanitetsdamene som serverte tilreisande god og rikeleg mat. Til sist takk til alle som møtte opp og var med å gjere dagen til ei stor oppleving for Gareth og Sue. Og til alle dykk som ikkje var der - ta turen ut til Fanøya og sjå på "Laforey" sitt anker og den flotte minnetavla. (Publisert 14.06.2011)
|

MINNEMARKERING SKIPSFORLIS 11. JUNI Natt til 8. februar 1954 forliste den engelske trålaren "Laforey" ved Sendingane vest for Batalden. Heile mannskapet på 20 mann omkom. Sist år fann dykkarane Frode Ellingsund og Trond Fjellestad vraket. Skipsklokka er seinare overlevert til etterkomarar i Grimsby i England. Laurdag 11. juni kl. 1545 vert det avduking av minnesmerke for forliset. To representantar for etterkomarane av dei engelske fiskarane kjem til seremonien. Alle er velkomne til denne hendinga som finn sted like ved rutebåtkaia på Fanøya. Etter avdukinga får alle kaffi og kaker i bedehuskapellet. Onsdag 8. juni held forfattaren Trond Strømgren og dei to dykkarane multimedieframsyning om forliset og vrakfunnet. Dette skjer kl. 1900 på Kystmuseet i Florø. Alle vel møtt. (Publisert 06.06.2011)
|
|
17. MAI I BATALDEN Det vert omlag tradisjonell feiring av 17. mai i Batalden med skulen på Fanøy som base. Program som følgjer: 1230 Tog, 1300 Velkommen, 1315 Leiker for store og små, 1430 Middag, kaffi og kaker, 1530 Rebus og blåsekast, 1700 Premieutdeling. Då sjåast vi alle, pynta og fine på den store dagen. (Publisert 16.05.2011)
|
 NYTT KAISKUR No har vi snart sikra ferdig nytt kaiskur på rutebåtkaia på Fanøy. Mange armar og bein har vore i aksjon, og etter diverse dugnadsøkter nærmar skuret seg ferdigstilling. I tillegg til litt uvida venterom er det bygd på med ein liten avdeling mot sør til oppbevaring av varer og anna. Gjer klar for meir eller mindre høgtideleg opningsseremoni og feiring når skuret er ferdig. (Publisert 14.05.2011)
|
|
27.04.2011. BÅTRUTER 17. MAI Flora kommune har sett opp M/S Øyservice som rutebåt i vestre og nordre distrikt til/fra Florø på 17. mai. Rutetidene er som følgjer:
Avgang Florø 07:15,
Barekstad 07:45,
Fanøy 08:00,
Rognaldsvåg 08:20,
Florø 08:45.
Retur avgang Florø 13:30,
Barekstad 14:00,
Fanøy 14:15,
Rognaldsvåg 14:35,
Florø 15:00.
|
 11.04.2011. VELLUKKA KULTURHELG Helga 2.-3. april gav gode minne. Vårfesten laurdag kveld samla kring 50 personar som åt seg godt mette på variert og lekker mat, og sia dansa og prata til langt på natt. Søndagen var i Sanitetslaget sin regi, og det kom storinnrykk frå Florø i form av koret Songglede med følgje. Nydeleg konsert i bedehuskapellet og sia basar med kaffi og kaker i ei fullsett skulestove. Klikk på foto til venstre for å sjå meir. Takk til alle som var med å organisere og gjennomføre begge arrangementa. Ein særleg takk til koret Songglede som tok turen ut til glede for store og små i Batalden.
|
 25.03.2011. BASAR OG SONGKOR SØNDAG 3. APRIL Sanitetsforeininga i Batalden arrangerer stor basar i skulen om ettermiddagen søndag 3. april. Først vert det konsert i bedehuskapellet kl. 1630 med koret SONGGLEDE frå Florø. Ca 1730 tek basaren til i skulen. Masse flotte gevinster, kaffi og kaker. Saniteten ønsker alle vel møtt til begge hendingane.
|
 21.03.2011. KLAR TIL BRØYTING Rune Sandvik har teke over ansvar for brøyting og vedlikehald av vegane på Fanøya. Med nyinnkjøpt traktor har han og medhjelpar Alexander Ulriksen allereie vore i sving sia starten av februar. No lakkar og lir det mot vår, og vi får tru dei aller største snøfalla er over for vinteren. Eller er mars ein ustadig månadf full av overrraskingar? Den som lever får sjå. Vi ønsker lykke til med brøyting og vegarbeid i framtida. |
 11.03.2011. VÅRFEST PÅ FANØY LAURDAG 2. APRIL Velkommen til kulinarisk festbord i skulen kl 1800. Lag rikeleg mat til deg sjølve og ta med til eit felles anretningsbord. Til saman vert det mange spanande rettar som alle kan smake på. Ta gjerne med kake også. Grendalaget kjøper inn loff og smør, kaffi og vatn. Elles tek kvar især med seg flytande etter eige behov. Etter maten vert det variert dansemusikk med Stein Olavs. Om nokon vil underhalde så er det flott. Kontakt arrangementskomiteen v/ Nils-Tore eller Trond. Festen slutter kl. 0200 og er gratis for alle, både langveisfarande, hyttefolk, fastbuande, slekt og venner, prest og fut. Påmelding innan onsdag 30. mars. Skriv dykk på liste på Batalden Landhandel eller ring butikken tlf. 57 74 25 55. Vi ynskjer alle (vaksne) vel møtt til triveleg samvere. Meir info her.
|
|
10.03.2011. ÅRSMØTE I GRENDALAGET SØNDAG 13. MARS I SKULEN Årsmøtesaker: Årsmelding for 2010 og rekneskap for 2010. Tilleggssaker:
-Korleis feirer vi 17.mai i år?
-Orientering om Veikingkonvoien
-Kaiskuret. Skal vi bygge nytt eller bygge på det vi har?
-Skal vi arrangere ein dans til i sommer i slutten av juli, f.eks i kombinasjon med robåttreff om dagen?
Kaffi og kake/vaflar.
Alle er hjarteleg velkomne!
Helsing Batalden grendalag. |
|
09.03.2011. HEI VERDEN Fanoy.no er i drift igjen etter eit lengre opphald. Vi beklager manglande hyhende, men det skuldast eit PC-havari i jaunar og at ansvarleg for oppdatering var på reise i februar. No er alle sider oppdaterte med nye opplysningar og det er laga til nyhendearkiv for kvart år, sjå i menyen til venstre. Vi lover meir nytt frå Batalden og livet her i tida som kjem.
|
|